Hopp over navigasjon
    
Søk med mobilen

Treff

1 treff


Omslagsbilde
""
Logg inn øverst til høyre, med nasjonalt lnr for å gi stjernekast
Utgjeve:
2019 . - Bok . - 477 sider
Nynorsk
Sjanger:
Opplysningar:
«Stormfulle høgder» (1847) er ein av dei mest lesne engelske klassikarane i verda og den einaste romanen skriven av poeten Emily Brontë. Verket vart gitt ut under pseudonymet Ellis Bell, og først etter Brontës død i 1848, vart boka publisert under hennar eige namn. Romanen vert sett på som eit av dei største verka i verdslitteraturen. Den mørke og dystre kjærleikshistoria frå den nordengelske landsbygda som dreier seg om Catherine og den vondsinna protagonisten Heathcliff, sjokkerte ikkje minst fordi Brontë brøyt med dei moralske førestillingane i samtida. Dette skapte negativ merksemd då verket først kom ut, men etterkvart fekk romanen klassikarstatus blant dei ypparste verka frå 1800-talets litteratur, og Emily Brontë blei utnemnt som oppfinnar av den kvinnelege gotikken. At det vert nettopp den uhøvla utkantskildraren Ragnar Hovland som omset skildringa av dei «vondskapsfulle» og «uhøvla barbarane» (som kritikarane kalte dei) frå den engelske landsbygda, gir denne nyomsetjinga ein ekstra dimensjon. «Stormfulle høgder» har hatt stor påverknad på seinare litteratur og populærkultur, har blitt dramatisert og filmatisert. I dag er historia ikkje minst kjend frå Kate Bushs song «Wuthering Heights». Boka kjem ut i serien SKALDs klassikarar - ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.
Hylleplass:
B
Bestill       Hugs denne

(beta)Bli den første til å skrive ei melding
Dette er Emily Brontës einaste roman, og reknas i dag som eit av dei betydelegaste verka frå 1800-tallet. Handlinga er lagt til Yorkshires einsame heilandskap, som dannar ramma rundt ei dramatisk kjærleikshistorie. I sentrum av hendingane står Catherine Earnshaw og den mørke og demoniske framande, Heathcliff. Han blir brakt til hennar fars hus som hittebarn, og frå denne augneblinken knyttes Heathcliff og Catherine saman i ein ubryteleg kjensle av tilknytning, som held stand gjennom Catherines ekteskap med Edgar Linton. Og som forfølgjer dei heilt ut til grensa mellom verkelegheit og draum, liv og død. Romanen kom ut første gong på engelsk i 1847, og på norsk i 1945. Dette er første gong romanen er omsett til nynorsk. Omtalen er utarbeidet av BS.
Vis alltid denne fanen

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Vis alltid denne fanen
  • Tips ein ven om Stormfulle høgder
  • Del på Facebook
  • Vis Facebooks Liker-knapp
  • Del på Twitter
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Foreslå innkjøp
  • Anna vising